Nytt høyringsnotat om lovendringar knytt til norsk vindkraft på land
Forslag til endringar i energilova og plan- og bygningsloven knytt til landbasert vindkraft er sendt på høyring
Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet har i eit nytt høyringsnotat fremja forslag til endringar i energilova og plan- og bygningsloven med ønskje om å styrke rolla til kommunane i vindkraftutbygging på land. Høyringsnotatet følgjer opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak til regjeringa om forslag til innlemming av planlegging og utbygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningslova.
Sjølve konsesjonsbehandlinga for vindkraft etter energilova vidareførast som ei heilskapleg samfunnsøkonomisk avveging av alle fordelar og ulemper ved prosjektet. Forslaga i høyringsnotatet inneber likevel ei endring i avgjerdsprosessane. Til no har kommunane som oftast teke stilling til vindkraft ved høyring av konsesjonsprosessane, medan den formelle planavklaringa har skjedd ved dispensasjon eller endring av plan i tråd med gjeven konsesjon. Regjeringa foreslår no at det skal gjerast ei overordna avklaring av arealbruken etter plan- og bygningslova gjennom områderegulering, før det vert gjeve konsesjon for vindkraft.
Ved å innføre ei reell avklaring av arealbruken etter plan- og bygningslova, der områderegulering må føreliggje før det kan gjevast konsesjon, vert tilgangen til dispensasjon for vindkraftprosjekt som gjeld i dag betydeleg innskrenka. Det vert likevel påpeika at det unntaksvis kan dispenserast frå kravet om områderegulering der overordna arealmessige føresetnader er fastsett på same detaljnivå som i områderegulering, til dømes i kommune(del)plan.
I høyringsnotatet ver det føreslått at staten ikkje lenger utan vidare skal kunne overstyre kommunane i dei tilhøve der kommunen ikkje ønskjer å regulere i samsvar med konsesjonen eller dispensere frå arealplanane, ved at vindkraftutbyggingar leggjast inn under statleg planregulering. Vi oppfattar endringsforslaget som at staten berre unntaksvis i særskilte tilhøve vil kunne nytte statleg plan for regulering. Vidare vert det føreslått å endre plan- og bygningslova slik at kommunar kan krevje at private aktørar utarbeidar områderegulering for det aktuelle området for å kunne avklare raskt om det er aktuelt og mogleg med vindkraft i området. Samstundes er NVE ønskja ei utvida rolle i planbehandlinga ved å kunne sende områdereguleringa ut på høyring, etter samråd med kommunen.
Det vert avslutningsvis framheva eit ønskje om å sikre utbyggjar ein føreseieleg prosess. Høyringsnotatet føreslår difor ei justering av hovudprinsippet om reguleringsmakta til kommunane. Kommunane skal ikkje kunne oppheve eller endre områdereguleringa når den først er fastsett. Er det søkt om konsesjon for vindkraft etter energilova kan ikkje kommunen ombestemme seg. På denne måten vil utbyggjarar som legg ned ressursar i søknad om konsesjon ikkje risikere at reguleringa vert endra av eit nytt fleirtal i kommunestyret.
Det er tydeleg at det overordna formålet med regjeringa sitt forslag til lovendringar er å gje kommunar auka kontroll og involvering i prosessar knyta til utbygging av vindkraft på land. Samstundes som dette gjev eit godt grunnlag for å auke legitimiteten til prosessane og redusere konfliktnivået knyta til vindkraftutbygging på land, vil forslaga svekkje moglegheita for dei statlege myndigheitene til å gjennomføre tiltak med grunnlag i nasjonale omsyn. Sjølv om forslaget som ein hovudregel inneber ei reguleringsplikt for kommunane, gjev det og betydeleg fleksibilitet til dei kommunar som av ulike grunnar ønskjer å overlate mest mogleg av behandlinga av større vindkraftanlegg til energimyndigheitene.
Frist for å uttale seg om dei endringar som er føreslått er satt til 27. februar 2023.