Click continue to switch to the English version of our webpage.

Nytt høyringsnotat om lovendringar for planlegging og utbygging av bakkemonterte solkraftanlegg

Regjeringa ønskjer å styrke kommunane si rolle i planlegging og utbygging av bakkemonterte solkraftanlegg. I eit nytt høyringsnotat legg Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet fram forslag til endringar i energilova og plan- og bygningslova for å oppnå dette.

Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet foreslår endringar i energilova og plan- og bygningslova som gjeld prosessar for etablering av konsesjonspliktige bakkemonterte solkraftanlegg. Forslaga inneber ei endring i avgjersleprosessane for etablering av solkraftanlegg og er i all hovudsak dei same som trådde i kraft for landbasert vindkraftanlegg 1. juli 2023, slik omtalt i vår nyhendebrev Endringer i kravene til planavklaring for landbasert vindkraft.

Liknande ordninga som tidlegare i år vart innført for vindkraftanlegg på land, ønskjer departementa at det i første rekkje skal gjerast ei overordna avklaring av arealbruken etter plan- og bygningslova, gjennom områderegulering, før det kan gjevast konsesjon til solkraftanlegget etter energilova. Konsesjonsbehandlinga skal også her vidareførast som ei heilskapleg samfunnsøkonomisk avveging av alle fordelar og ulemper ved solkraftprosjektet. Det skal med andre ord gjerast ei planavklaring i kommunen gjennom plansporet etter plan- og bygningslova, før konsesjonsprosessen kan avsluttast med eit konsesjonsvedtak etter energilova.

Det overordna formålet med forslaget til lovendringar er å gje kommunar auka kontroll og involvering i prosessar knytt til utbygging av solkraft på land. Endringane er meint å gje meir føreseielege rammer for lokal utbygging av solkraft, samstundes som det er eit uttalt ønskje i høyringsnotatet at det gjennom samordning skal sikrast prosessar som er effektive og ressurssparande.

Frist for å uttale seg om dei endringar som er føreslått er satt til 31. januar 2024.

Les også