Click continue to switch to the English version of our webpage.

Forslag til endringar i NEM-forskrifta på høyring

Fredag 14. mars 2025 sendte Energidepartementet forslag om nye føresegner i NEM-forskrifta på høyring. Forslaga følgjer opp dei varsla tiltaka i Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet (netthandlingsplanen).

Det er foreslått to endringar som begge vil pålegge nettselskapa nye plikter:

  • Nedjustering av maksimalt tillatt effektuttak frå uttakskundar i særlege tilfeller
  • Offentliggjering av kriterier for driftsmessig forsvarlighetsvurderingar («DF-vurderinger»)

Nedjustering av maksimalt tillatt effektuttak frå uttakskundar i særlege tilfeller

Det er kapasitet i straumnettet som i dag av ulike grunnar ikkje er i bruk. I enkelte tilfeller er det diskrepans mellom kapasiteten ein nettkunde er tildelt og den kapasieteten som er i bruk. Det kan også vere tale om situasjoner der det ikkje er satt eitt tak på nettkundens kapasitet i nettavtalen. Dagens regelverk inneheld ikkje reguleringar om korleis eit nettselskap i slike tilfeller kan nedjustere den allokerte kapasieteten. Formålet med forslaget er å forskriftsregulere nedjustering av effektuttak for å bidra til god utnyttelse av eksisterande nettkapasitet, samt sette rammer for når og korleis nettselskapa kan nedjustere kundane si maksgrense for effektuttak i særlege tilfeller.

Departementet sitt forslag rettar seg mot større profesjonelle nettkundar som ein kan vente at har eitt aktivt forhold til eige effektuttak. Hushaldningar, hyttekundar og mindre næringsverksemd fell såleis utanfor forslaget.

Etter forslaget skal terskelen for å nedjustere maksgrensa for uttak vere høg, noko som er reflektert i vilkåret «særlige tilfeller». Ingen skal bli nedjustert automatisk – det må gjerast ei konkret vurdering i det enkelte tilfelle. Nettselskapa vert gitt ein viss frihet til å utforme eigne kriterier for når dei kan nedjustere kundar si maksgrense. Kriteria må likevel vere i samsvar med det overordna vilkåret om at nedjustering av maksgrensa berre skal skje i «særlige tilfeller». Momenter som er trekt fram for at nedjustering skal vere aktuelt er at det bør vere snakk om vesentlig avvik mellom faktisk og avtalt effektuttak, endringa i effektuttak må ikkje vere av midlertidig karakter og det må ikkje liggje føre konkrete planar frå kunden si side om å auke effektuttaket.

I forslaget legg ein opp til at nettselskapa skal følgje følgjande prosess når dei vurderer nedjustering:

  • Nettseskapet må varsle kunden skrifteleg før nedjustering kan skje, og nettkunden må varslast direkte.

  • Varslinga må innehalde grunngjeving for kvifor ein ynskjer å nedjustere maksgrensa.

  • Kunden skal kunne imøtegå nettselskapets grunngjeving (nettselskapet må difor varsle i rimelig tid før nedjustering).

  • Nettselskapet skal vurdere kundens innvending før nedjustering vert beslutta.

  • Nettselskapet må i varselet informere om at kunden kan bringe usemja inn for RME.

Departementet oppfordrar bransjen til å samarbeide i utarbeidelsen av standardvilkår for nedjustering av maksgrensa.

Offentleggjering av kriterier for DF-vurderingar

Alle som etterspør tilknytning i nettet, eller auka kapasitet til uttak eller innmating, har i utgangspunktet rett til tilknytning, men først når det av nettselskapet er vurdert som driftsmessig forsvarlig. Dersom det ikkje vert vurdert som driftsmessig forsvarleg å tilknytte ny kunde eller auke effekten, må nettselskapet gjennomføre naudsynte forsterkingar i nettet utan ugrunna opphald. Det tek tid å etablere nye nettanlegg og nettkundar som utløyser investeringar i nettet må dekke sin forholdsmessige andel av utrednings- og investeringskostnadane for nye nettanlegg som er naudsynt for å få på plass den etterspurde tilknytninga. Utfallet av DF-vurderingane har difor stor innverknad for aktørar som etterspør kapasitet i straumnettet. I samband med oppfølginga av netthandlingsplanen gjorde RME undersøkingar som viser at nettbransjen har hatt ulike syn og praksis knytt til korleis DF-vurderingar vert gjort. Dagens regelverk stiller ikkje eksplisitte krav om at nettselskap sine kriterier for DF-vurderingar skal vere offentleg kjend.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen reguleringar som skal auke transparensen knytt til DF-vurderingar. Konkret foreslår departementet at:

  • Nettselskapa skal fastsetje prinsipper for DF-vurderingar, og at desse skal gjerast lett tilgjengelege for nettkundande eksempelvis på nettselskapa sine nettsider.

  • Prinsippa skal vere utforma slik at DF-vurderingane kan gjerast på ein objektiv og ikkje-diskriminerande måte.

  • Plikt for nettselskap til å på førespurnad gi aktørar innsyn i DF-vurderinga knytt til eigen nettilknytning. Offentleggjering av alle DF-vurderingar vil kunne gje eit heilskapleg bilete av nettsituasjonen i eitt område, som i sum kan innebære at ein tilgjengeliggjer kraftsensitiv informasjon – dette er bakgrunnen for at forslaget er at ein berre skal kunne få innsyn i eigen DF-vurdering.

Frist for høyringsinnspel er 9. mai 2025. Departementet tek sikte på at dei foreslåtte endringane trer i kraft 1. juli 2025.

Høyringsnotatet finn du her.

Les også